Gå til sidens hovedinnhold

Nye tal for korona og RS-virus frå Helse Førde

Den aukande koronasmitten i samfunnet har så langt ikkje ført til nokon nemnande auke i tal innleggingar i Helse Førde.

Etter å ha rapportert talet på koronasmitta ein gong i veka den siste tida, aukar Helse Førde no opp til to gongar per veke – måndag og fredag. Helse Førde strekar under at koronatala dei opererer med no, er meir usikre enn tidlegare.

«Årsaka er at mange, spesielt unge, berre nyttar hurtigtestar. Mørketala er difor vesentlege. Vi trur likevel våre tal viser ein trend i utviklinga», skriv helseføretaket i ei pressemelding.

Fredag 19. november rapporterer dei at dei har analysert 334 prøvar, og at 34 av dei var positive. Det er for tida ingen pasientar innlagde i Helse Førde med covidsmitte.

To personar er i karantene eller er sjukmelde på grunn av korona.

Helse Førde rapporterer også om talet på smitta med RS-virus. Desse tala svingar mykje frå dag til dag, fordi desse pasientane som oftast berre ligg inne i kort tid, enkelte berre i nokre timar.

Det har i perioden måndag-fredag vore 8 pasientar i poliklinisk behandling for RS-virus, medan det er/har vore 13 pasientar innlagde.

Kommentarer til denne saken