– Hensikta er å beskytte både kunden og banken opp mot kvitvasking, ID-tjuveri, svindelforsøk, terrorfinansiering og annan økonomisk kriminalitet, forklarar kommunikasjonsdirektør Hans Tronstad i Sparebank 1 SMN til Adresseavisen.

Den nye lova har strengare krav til legitimering slik at bankane skal vere sikre på kven kundane sine er og reglane krev personleg oppmøte.

Reglane gjeld alle Norges banker, og fleire hundre tusen kundar vil måtte dra innom banken sin med pass for å kunne fortsette å bruke BankID som innloggingsmetode.

Om lag fire millionar nordmenn har registrert seg i den personlege elektroniske legitimasjonstenesta BankID, men ikkje alle treng å gå i banken og vise pass for å fortsette å bruke BankID.

– Frå 2007 har styresmaktene hatt som krav at pass skal ligge til grunn for kundeforholdet. Det betyr at vi har godkjent legitimasjon for dei som er blitt kundar etter 2007, men at vi enno manglar for ein del av dei som blei kundar i banken før dette, seier Tronstad.

Frå kundane blir varsla gjennom sin nettbank, e-post og SMS har dei to veker på seg til å oppsøke banken. Om ikkje blir BankID-en midlertidig sperra.

Utanlandske statsborgarar som ikkje har norsk pass kan framvise alternativ dokumentasjon, som opphaldskort i tillegg til pass.