Måndag kom klimarapporten frå FNs klimapanel, med dystre spådommar om kva som vil skje med klimaet om vi ikkje endrar kurs umiddelbart. Endringane er her allereie.

Må ruste samfunnet

– Rapporten frå klimapanelet viser at det får dramatiske konsekvensar også for Sogn og Fjordane.

– Vi ser at Nausta tørkar heilt opp og gir elendig laksesesong. No er kanskje ikkje det det verste, men vi veit også at stormflo vil bli eit større problem, og at vi vil får både ekstremnedbør og – tørke. Det vil komme fortare enn vi trudde berre for nokre få år sidan, forklarar MDG Sogn og Fjordane sin stortingskandidat, Marius Dalin.

Sommaren har vore svært tørr – på Skei i Jølster er det målt 72 prosent mindre nedbør enn normalt i juli, melde NRK, og Dalin peikar på at spesielt i Stryn har vassmangelen vore svært merkbar og forårsaka talrike grasbrannar.

– Vi må ruste heile samfunnet for å tole denne omstillinga. Då må ein gjere tiltak både mot flaum og tørke. Nokre kommunar har dårleg beredskap for langvarig tørke. Bøndene må ha system for vatning, og vassleidningssystemet må oppgraderast. På andre sida må bekkeløp og kulvertar sjåast til – kor nær er det forsvarleg å bu i høve flaum? Det vil vere eit stort arbeid, og no viser rapporten at vi har dårlegare tid enn vi trudd. Vi må handle umiddelbart.

Og etter at rapporten blei lansert på måndag, har partiet fått det Dalin beskriv som «ei vanvitig medlemstilstrøyming»

– Vi har fått nye medlemmer, også i Kinn og Bremanger, men kanskje aller mest i Sogn og indre Sunnfjord. Sidan rapporten blei lansert måndag føremiddag har vi på landsbasis fått 1463 nye medlemmar. Av desse høyrer 15 heime i Sogn og Fjordane. slår Dalin fornøgd fast.

– Omstillinga må komme no

Han meiner det vi har fått høyre frå klimapanelet er dødsstøyten for olje- og gassnæringa.

– Det betyr ikkje at den skal stoppe i morgon. Men vi må planlegge nedtrappinga og tenke omstilling umiddelbart. For tek ein den langsamt og fint, så går dette veldig bra. Andre rapportar har jo vist kor ekstremt dyrt det er å ikkje omstille seg i tide. Dei som blir fødde no skal leve heile dette hundreåret, og endå litt til. For deira del er det heilt naudsynt at omstillinga kjem no, peikar Dalin på.

Dalin viser også til ein rapport frå det internasjonale energibyrået, IEA, frå mai månad der konklusjonen er at dersom vi skal greie å nå klimamåla, må vi slutte å leite etter meir olje.

– Vi er einaste parti som har dette som ein absolutt krav for å støtte eit regjeringsparti. Dei viste at det er fullt realistisk å nå 1,5 graders-målet. Stortinget seier vi skal prøve å nå det, men fører ikkje politikken som må til. Vi må faktisk følge råda vi får frå fagfolk, ikkje berre drive populistisk politikk. Når ein vel å seie at oljealderen skal vare lenger, og leite etter meir olje og gass, då gamblar ein på at vi ikkje skal nå klimamåla våre. Då vil ein tape uansett: Anten fordi vi ikkje når måla og får ulevelege klimaendringar, eller fordi vi når måla, og ikkje lenger treng olje og gass. Då kjem oljeprisfallet hardt og brutalt. Men vi har som sagt ein klar plan for ei gradvis avvikling av oljenæringa.