Gå til sidens hovedinnhold

Nye krav til krabbeteiner ut på høyring

I eit nytt forslag som er sendt ut på høyring, foreslår Fiskeridirektoratet at det blir innført krav om rømmingshol i teiner som blir brukt til fiske etter sjøkreps, kongekrabbe og ervervsmessig fiske etter taskekrabbe og annan krabbe.

Bakgrunnen for forslaget at mange teiner kvart år blir liggjande igjen i sjøen. Det fører til at både krabbar, humrar og fisk kan bli stengde inne i tapte teiner i lang tid og få bli utsette for store lidingar.

Fiskeridirektoratet meiner eit krav om rømmingshol i teinene vil redusera faren for at teinene held fram med å fiska etter at dei er tapte, og at ein dermed unngår dei negative konsekvensane dette fører til.

Høyringsfristen for forslaget er 15. september 2021.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken