Alle over 18 år skal få tilbod om ein tredje vaksinedose, og kommunane kan ta i bruk koronapass for å unngå å stengje ned tilbod.

Det opplyste regjeringa på ein pressekonferanse om koronasituasjonen fredag.

Personar mellom 18 og 64 år skal få tilbod om ein oppfriskingsdose med koronavaksine når det har gått minst seks månader etter andre vaksinedose.

Dette kan bidra til betre vern mot sjukdom og hindre smittespreiing.

– Men vi treng meir kunnskap om dette. Derfor har vi bede FHI om å gjere løpande vurderingar av nytte og risiko ved oppfriskingsdose for vaksne, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Kommunane skal prioritere å gi første og andre vaksinedose til dei som enno ikkje har fått det, og dessutan oppfriskingsdose til dei over 65 år, dei med svakt immunforsvar og til helsepersonell, før personar mellom 18 og 64 år for tilbod om tredje dose.

Koronasertifikat for å unngå nedstenging

Fleire kommunar har ønskt å bruke koronasertifikat for å unngå nedstenging, avstandskrav og maksimaltal, opplyser helseministeren.

– Vi vil raskt innføre ei forskrift som gjer at kommunane kan bruke koronasertifikat for å lempe på lokale koronareglar, seier ho.

Dei som har grønt koronasertifikat, er vaksinerte, personar som er immune fordi dei har hatt korona, eller har ein negativ koronatest.

Regjeringa skal sjå nærare på meir utbreidd bruk av koronasertifikat nasjonalt.

– Vi vil vurdere om koronasertifikat kan vere aktuelt som eit tiltak for å halde smitten nede, til dømes på utestader, konsertstader, idrettsarrangement, kinoar og teater. No som alle har fått tilbod om vaksine, er det lettare å sjå for seg at ein kan bruke koronasertifikatet for å forhindre stor spreiing av smitte, seier Støre.

Nye krav om testing for uvaksinerte

Det kjem òg nye krav til testing. Uvaksinerte personar over 18 år som bur saman med ein som er smitta av korona, får no plikt til å teste seg. Dette gjeld frå 16. november.

Testplikta gjeld til det har gått sju dagar sidan siste gong ein hadde nærkontakt med den smitta. Ein må teste seg kvar dag i sju dagar med sjølvtest eller annankvar dag med PCR-test.

Bur du saman med ein som er smitta, bør du vere heime til du har fått negativt svar på den første testen.

Uvaksinert helsepersonell bør testast og bruke munnbind

Uvaksinert helsepersonell bør testast to gonger i veka og få klar beskjed om å bruke munnbind, meiner regjeringa. Helsedirektoratet vil sende ut retningslinjer om dette til kommunane, seier Kjerkol.

Ho understrekar at det som kan snu smitteutviklinga, er dei same tiltaka vi er kjende med frå før:

– Det er viktig at alle held seg heime ved sjukdom, testar seg og isolerer seg ved påvist koronasjukdom.

(©NPK)