Nye korona-tilfelle i Bremanger og Kinn
Helse Førde melder om seks nye korona-tilfelle, mellom anna i Kinn og Bremanger.
Tysdag 17. november melder Helse Førde om 6 nye positive korona-prøver. Totalt analyserte helseføretaket 414 prøver.
Helse Førde melder at kommunane med positive prøver er Stryn, Bremanger, Stad, Gloppen og Kinn.
Helse Førde understrekar at kommunen for prøvetaking ikkje nødvendigvis er kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse. Tala omfattar ikkje prøver som er undersøkte ved andre laboratorium.
Kommentarer til denne saken