Det er spektroskopi-teknologi som kan brukast til å avdekke kveis i fiskefilet. Teknologien er allereie i bruk i fiskeindustrien for å vurdere kvalitet på rund kvitfisk og laksefilet.

Kvalitetsmålingsteknologien Maritech Eye er utvikla av Nofima i samarbeid med Maritech og Norsk Elektro Optikk (NEO). Nyleg blei løysninga testa hos fiskeprodusenten MareDeus i Portugal, som ville finne ut om teknologien også kunne finne kveis i kvitfisk. Dei lagar lettsalta produkt av frosen torsk fra Norge og Island.

– Testane ble utførte under industrielle betingelsar når det kjem til hastigheit, temperatur og fuktighet i produksjonsmiljøet. Resultata er utvetydige: Teknologien fungerer også på for å finne kveis i kvitfisk, slår seniorforsker Karsten Heia i Nofima fast.

Fungerer på stadig nye områder

Slik forklarar Heia teknologien som blir brukt:

– Det handlar om kor mykje lys på ulike frekvensar som blir stoppa av elementet som blir avbilda. Kveis har andre optiske eigenskapar enn fiskemuskelen, og det kan brukast for å påvise kveis blant anna på eller i filetar ved hjelp av spektroskopi.

Utfordringa er å kunne observere dei små nyansane som skil kveis frå fiskemuskel raskt nok på produksjonslinja.

– Ein kveis er gjerne ein halv millimeter tjukk, cirka ein centimeter lang, og ofte kurva saman til ein spiral. I løpet av tusendelar av eit sekund må det vere mogleg å skilje mellom kveis og fiskemuskel, forklarar forskar Samuel Ortega.

Avbildninga og analysen av den går no altså like raskt som produksjonsbanda i industrien.

Kveisfrie produkt

Kveis er ein parasitt av typen rundorm.

– Det er snakk om ein liten makk, som det ikkje er kjekt å finne i maten. Difor er fiskeindustrien svært interessert i teknologi som gjer at den kan oppdagast og fjernast før produktet går til forbrukaren, seier Heia.

Hos MareDeus, i likheit med dei fleste norske kvitfiskprodusentar, er det den konvensjonelle metoden med gjennomlysing av filet via lysbord og så manuell reinskjering av fileten som er gjeldande. I Norge er tradisjonell gjennomlysing av kvitfiskfilet påbudt.

– Vi fekk filetane til MareDeus til spektroskopisk måling etter gjennomlysing og manuell trimming. Spektroskopisk måling med nyutvikla analysealgoritme gjorde det raskt klart at det som etter trimming var rekna som «kveisfrie» fileter, faktisk ikkje var det. Det er ingen grunn til å tru at det er noko annleis i Norge, eller andre land, sier Shaheen Syed.

Robot med vakuum

Nå blir det difor jobba med Robot Norge for å lage eit tilleggsverktøy som gjer at ein kan avsløre kveisen fjerne den i same operasjon.

– Til det brukar ein ein robotarm med kniv i kombinasjon med vakuum. For forbrukaren er det betydeleg betre å finn eit hol i buklappen på fisken enn ein rundorm, slår Heia fast.

Kveisen er ekkel og uappetittleg, men som regel ikkje farlig. Blir sjømat laga til på rett måte, til dømes ved fryselagring eller tilstrekkeleg varmebehandling, er det ingen helsefare med kveis. Men den er eit kosmetisk problem for fiskerinæringa.