TV-aksjonen i år har fått inn 266 millionar kroner. Pengane går mellom anna til arbeidet til Leger Uten Grenser med gløymde kriser.
Den gamle rekorden kom i 2014, då Kirkens Nødhjelp fekk inn 253 millionar kroner.
– Vi i Leger Uten Grenser er så fantastisk imponert og stolte over alle dei som i år har støtta TV-aksjonen i år. Dette resultatet er over all forventning og vi er heilt overvelda av både engasjementet og givargleda i år, seier generalsekretær Lindis Hurum i Leger Uten Grenser i ei pressemelding.
Svalbard på topp
Rett etter midnatt natt til måndag vart det eksakte beløpet oppgitt å vere 266.211.650 kroner. Det svarer til i gjennomsnitt vel 49 kroner per innbyggjar.
Ifølgje NRK toppar Svalbard lista, med 623 kroner per innbyggjar, framfor Utsira og Træna.
I Vestland blei det samla inn 33.023.460 kroner. Det er på fjerdeplass av fylkene i landet, fordelt på innbyggjarar. Modalen blei kommunen som ga mest i Vestland, med 268,24 kroner pr. innbyggjar.
Bremanger gav 80.16 kroner per innbyggjar, og blei med det den 47. beste kommunen i landet. Kinn var nesten heilt nede i botn av lista for Vestland med 38,27 kroner pr, innbyggjar. Det var berre 48 kommunar som ga mindre pengar pr. innbyggjar enn det til årets TV-aksjon.
Du finn oversikten over Vestland på denne linken, og kan klikke det vidare til både kommune- og landsoversikt om du ønsker det: Resultater for Vestland.
Pengane frå TV-aksjonen skal brukast til å rykkje ut og nedkjempe sjukdommar i Kongo, Den sentralafrikanske republikken, Sierra Leone og Bangladesh.
50 millionar frå regjeringa
Som i fjor har regjeringa i år støtta TV-aksjonen med 50 millionar kroner. Sidan Leger Uten Grenser ikkje ber om statlege midlar, går desse pengane til systerorganisasjonen Drugs for Neglected Diseases initiative (DNDi), som jobbar med å forske på og utvikle medisinar mot gløymde sjukdommar.
– Etter to år med pandemi er det krystallklart at smitte og alvorlege sjukdommar rammar heile verda. Sjukdommar kjenner ingen landegrenser. Derfor er TV-aksjonen i år så viktig, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) i ei pressemelding.
Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) deltok tidlegare i veka i ringjedugnaden til TV-aksjonen for næringslivet.
– Marknaden åleine klarer ikkje tilby rimelege vaksinar og medisinar til menneska som treng det mest. Mange helsekriser og humanitære kriser får heller ikkje den merksemda dei burde fått, seier ho.
95 millionar i bøssa
Ifølgje Leger Uten Grenser har næringslivet samla inn 40 millionar. Skular og barnehagar har samla inn meir enn 18 millionar kroner. 95 millionar kom inn på bøssene, og av dette var 40 millionar kontantar.
– Dette vil utvilsamt bidra til at vi kan gi endå fleire menneske livreddande helsehjelp i nokre av dei gløymde krisene i verda. Eg er evig takksam for å vere med på denne dugnaden saman med kvar og ein av dykk, og vil takke alle saman ved å seie: saman reddar vi liv, seier Lindis Hurum i Leger Uten Grenser.
(©NPK)