Gå til sidens hovedinnhold

Ny person smitta i Sunnfjord

To tilfelle dei to siste dagane hjå naboane i aust.

Eit nytt smittetilfelle av Covid-19 er på vist siste døgnet. Det melder Helse Førde på sine koronasider onsdag morgon.

Det er frå prøvane analysert tysdag 8. juni at det nye tilfellet er funne. Det blei analysert 241 prøver, og ein av desse gav positivt utslag.

Prøven skal vere knytt til Sunnfjord kommune. Også i går blei det funne ein positiv koronaprøve i kommunen.


Prøvetakingskommune for positiv prøve av nyaste dato: Sunnfjord

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Kommentarer til denne saken