Gå til sidens hovedinnhold

Ny person i Florø koronasmitta, 28 tilfelle i Kinn i november

I november vart det registrert heile 28 koronasmitta personar i Kinn kommune, det siste tilfellet kom i Florø måndag.

Helse Førde meldte tysdag morgon om eit nytt koronatilfelle i Kinn kommune. Dette er ein person i Florø, som er nærkontakt av tilfellet som vart påvist i Florø i førre veke: Korona-tilfelle i Florø – sju i karantene

Personen som fekk påvist smitte i førre veke hadde vore på ei heilt nødvendig reise til ein kommune med høgare smittepress enn Kinn, og under denne reisa har vedkommande møtt ein person som seinare viste seg å vere smitta. Vedkommande frå Florø blei då definert som nærkontakt, og vart testa etter retur til Florø. Testen var positiv, men vedkommande hadde ikkje symptom.

No har altså ein av nærkontaktane til denne personen igjen fått påvist korona. Dei andre nærkontaktane i karantene har så langt testa negativt, men skal ha sin andre koronatest i dag tysdag.

– Vi har gjennomført smittesporing, og personen som testa positivt i går har ein nærkontakt som må testast. Dette er ein nærkontakt innanfor kjente relasjonar, seier smittevernoverlege Jan Helge Dale til Firdaposten.

– Det er ganske mange av dei som vert smitta som ikkje har symptom i det heile. Det viser at det ikkje er lett å stanse dette. Vi har ikkje sirkulerande smitte i Kinn, men dette viser kor krevjande situasjonen er. Vi må vere raskt ute, få dei smitta i isolasjon og nærkontaktar i karantene, og få kontroll på smittesporinga. Og det har vi, seier han.

Dale hadde håpa at det no ikkje var fleire smitta nærkontaktar av nærkontaktar i Kinn.

– Men så kom det nok eit tilfelle i dag. Det positive er at utbrotet i Måløy ser ut til å ha roa seg, seier Dale.

Utbrot i Måløy

I november vart det smitterekord for Kinn kommune. Heile 28 personar fekk påvist smitte.

– Det er travelt for tida, no er det vel åttande dagen på rad med positive testar, fortel Dale.

Samstundes er det ikkje kjent sirkulerande smitte i kommunen. Alle dei positive har vore innanfor nærkontaktar til andre koronasmitta. 21 av tilfella er i Måløy, tilnytta Skarevik barnehage på Raudeberg. Det starta med at tre personar i denne barnehagen vart smitta, og smitten kom frå utbrotet tilknytta kyrkjekontoret på Nordfjordeid i Stad kommune: Ein person frå Stad har no smitta 30: – Vi må kanskje regne med fleire tilfelle i Kinn

Sidan har ein rekke husstandsmedlemmer av dei tre i barnehagen blitt smitta.

I Florø-området har det vore sju korona-tilfelle i november. To av desse er det omtalte tilfellet over, mens dei fem andre er smitte tilknytt utlandet, enten leigearbeidarar eller folk som har vore på reise.

Månaden med mest smitte

November månad har vore den med desidert mest koronasmitte i kommunen. I oktober var det totalt åtte tilfelle, tre i september og fire i august. Mai, juni og juli var det ingen koronatilfelle i kommunen, i april var de to og i mars sju. Dette ifølge Folkehelseinstituttet sin nasjonale statistikk.

Kommentarer til denne saken