Ny NRK-tilsett i Førde har fått korona

NRK-tilsette i Førde må i karantene etter at ein ny kollega har fått påvist Covid-19-smitte.

DEL

Ein ny tilsett ved NRK Vestland sitt kontor i Førde har fått påvist Covid-19-smitte. Smittetilfellet blei konstatert måndag kveld, skriv distriktsredaktør Dyveke Buanes i ei pressemelding som gjekk ut like over midnatt.

Vedkommande har jobba frå heimekontor sidan det første smittetilfellet vart påvist onsdag i forrige veke.

Alle som var på NRK-kontoret i Førde måndag, tysdag og onsdag i forrige veke skal no teste seg for covid-19 og dei er sett i karantene av kommuneoverlegen i Sunnfjord.

Programmet «God morgon Sogn og Fjordane» på NRK P1 vert sendt som planlagt tysdag morgon, med tiltak som ivaretek karantena.

Dagsendinga vert sendt frå Bergen, felles for heile Vestland, melder NRK-leiinga.



Kontakt:

Dyveke Buanes (distriktsredaktør), 97144624

RuneMøklebust (regionredaktør), 97585849

Artikkeltags