Ei fersk gransking utført av NHO Vestlandet er lite lystig lesnad. Her svarar nesten ein av fem bedriftsleiarar at koronakrisa har råka dei så hart, at konkursfaren er høgst reell. Det er i Nordfjord og i Hardanger at tala er høgast.

Bedriftene rapporterer også statens tiltak for å betre likviditeten deira har hjulpe. Ein ser no ei utflating i veksten av verksemder som har likviditetsvanskar.

- Problemet er at utflatinga skjer på eit skyhøgt nivå, seier Grete Karin Berg, regiondirektør i NHO Vestlandet.

20 prosent av verksemdene i Vestland planlegg no å seie opp folk, og fem prosent har allereie måtta gjere det. Også her skil Nordfjord seg negativt ut, med åtte prosent.

Granskingar er utført både av NHO og Statistisk sentralbyrå, og i deira analysar spår dei at koronakrisa sin påverknad på økonomien på Vestlandet vil vere langvarig.

NHO peikar også på det faktum at Norge, før koronakrisa trefte oss, har hatt planar om ei storstila omstilling av økonomien for å få flere bein å stå på når oljeaktiviteten i Nordsjøen blir lågare.

- No er tida inne for å verkeleg komme i gang med større prosjekr innan havvind, karbonfangst- og lagring, elektrifisering og hydrogen. Vi må bruke krisa til å stå betre rusta i andre enden, seier Berg.

I vårt område peikar NHO på bygginga av Stad skipstunnel som eitt av prosjekta som bør startast så raskt som råd.