Det finst nesten 100 ysteri her i landet frå nord til sør. Til saman produserer dei fleire hundre ulike ostar. For at vi forbrukarar skal få kjennskap til det store ostemangfaldet, er det no lasert ein ny nettstad – Ostelandet Norge – som viser oss kva som finst og kvar ostane er å få tak i.
Ostelandet Norge ( ostelandet.no ) skal vere ein objektiv nettstad og er utvikla av HANEN (næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske), i samarbeid med Norsk gardsost (organisasjon for handverks- og gardsysteri). Heile verdikjeda innan produksjon og sal av norsk ost har bidratt både fagleg og økonomisk. Nettstaden har også fått støtte frå Innovasjon Norge.
– Framtida er lys for norsk ost. Den nye nettstaden inneheld 339 ulike ostar produsert av 82 ysteri rundt om i Norge. Det er heilt fabelaktig i eit land som berre har 5,5 millionar innbyggjarar. Så mange ostar i eit så lite land så nær polarsirkelen er ganske fantastisk. Men å framstille god ost krev kunnskap og mykje hardt arbeid over lang tid. No skal vi løfte fram det norske ostemangfaldet og kvaliteten gjennom denne nettstaden, som skal vere eit verktøy for forbrukar, sa dagleg leiar i HANEN Bernt Bucher-Johannessen, under lanseringa fredag.
Mangfald
Ostetypane blir delt inn i blåmuggost, kvitmuggost, fastost, raudkittost, ferskost, salatost, tradisjonsost og brunost. Innan kvar «ostefamilie» finst det igjen ulike typar.
I Ostelandet vil du kunne sjå kven som produserer kva for ostar, kvar du kan få tak i dei, enten det er i butikk eller gardsutsal, og du får også forslag til ostar som liknar ostar du allereie likar godt.
Du finn også eit smakshjul for ost der du kan lære deg å smake og kjenne att ostar, smakar og lukter, i tillegg til å få tips om drikke som passar til.
Nettstaden har også som mål å formidle kunnskap, kultur og historie til osteinteresserte forbrukarar, tilsette i ostediskar og restaurantar og andre som måtte vere interessert.
Etter kvart skal Ostelandet fyllast med oppskrifter, aktivitetar som ostesmakingar og kurs, osteskule, forsking og nyttig informasjon om ost.
Saka held fram under bildet
Osterevolusjon
Det er gjerne osteutvalet til dei store industrielle produsentane Tine og Synnøve Finden som nordmenn flest har eit kjennskap til, men auken av småprodusentar har vore stor dei siste åra.
På slutten av 1990-talet byrja det for alvor å «koke» i dei lokale ostekara rundt om i landet og vi fekk ein framvekst av små gardsysteri. Det hadde ikkje vore lov med lokal produksjon av ost for sal på gardane tidlegare.
Dette blei lovleg som ein del av ei større utvikling der det blei viktig med foredling av eigne ressursar på eigen gard for å auke inntektsgrunnlaget for fleire bønder.
Korleis skal ostefatet vere?
Kor mykje ost du skal ha per person, er avhengig av kva rolle osten spelar i måltidet. Her er nokre tips:
Hovudrett: 250–300 gr per person (litt avhengig av om det er herre- eller damelag).
Forrett: cirka 75–100 gr per person.
Før dessert: cirka 50–70 gr per person.
Dessert: 100–125 gr per person.
Snacks: cirka 50 gr per person.
For å unngå at dei ulike ostane overgår kvarandre, er det lurt å velje maks 4–5 ostar. Varier i forhold til mjølketype, konsistens og fargar.
For å framheve dei reine ostesmakane, bør du servere noko enkelt attåt. Tenk gjerne «litt mjukt og litt sprøtt» som ein knasande bagett saman med kjeks/knekkebrød.
Søt og godt modna frukt og bær er godt til ulike typar ost. Elles er ulike typar marmelade og honning klassisk på ostebordet. Oliven og chutney er heller ikkje feil.
Dropp paprika og stangselleri. Grønsakene inneheld ofte bitterstoff som øydelegg ostesmaken. Ein grøn salat passar derimot godt. (Kjelde: Ostelandet.no)
(©NPK)
«Norsk»
Mat- og drikketradisjonane i eit land er ofte inspirert av at folk har reist, tatt med seg nye idear heim og gjort dei til sine. Så ost som produkt er ikkje ei norsk oppfinning. Dei norske ostetypane vi har i dag, både som Tine og mange gardsysteri produserer, er inspirerte og laga etter oppskrifter frå stader ute i Europa.
Til og med pultosten vår finst det visstnok tilsvarande typar av fleire stader utanfor landegrensene våre.
Men Norge lagar i dag ost med mjølk med svært låg bruk av antibiotika og ei god dyrehelse. Og ostemangfaldet er no blitt så stort og kvaliteten så høg at vi lett konkurrerer med importert ost. Det har til dømes verdsmeisterskapen i ost vist fleire gonger.
(©NPK)