Det siste døgnet er det registrert 930 koronasmitta i Noreg. Det er 399 fleire enn dagen før og det høgaste talet smitta som er registrert på eitt døgn.

– Det var denne utviklinga vi var bekymra for då vi søndag stramma inn. Det er no veldig viktig at alle med symptom testar seg og at alle følgjer råd og reglar, skriv helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) i ein e-post til Dagbladet.

– Målet med dei nye, strenge tiltaka er å bryte ei eventuell ny smittebølgje. Vaksinen gjer at vi ser lys i tunnelen, men vi må få ned smitten for at vinteren og våren skal bli lettare, seier han.

Stavanger har det siste døgnet tangert smittetoppen frå 30. desember etter at 50 nye koronatilfelle vart registrerte. I Oslo vart 204 tilfelle påviste, noko som er 95 fleire enn snittet dei førre sju dagane i hovudstaden.

Over 52.000 smitta

I alt var det ved midnatt natt til onsdag registrert 52.180 koronasmitta personar her i landet, viser førebelse tal frå det nasjonale meldesystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).

Dei siste sju dagane er det registrert til saman 3.902 nye smittetilfelle i Noreg. 2,8 millionar testar var fram til tysdag utført.

133 koronapasientar var tysdag innlagde på sjukehus. Det var fire fleire enn dagen før.

452 dødsfall

Til saman er 452 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

64,4 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om ni dødsfall i Noreg.

Nakstad: – Vi har frykta auka smittetal etter jul

Den kraftigaste smitteauken ser no ut til å komme i befolkningsrike kommunar, åtvarar assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

– Vi har frykta auka smittetal etter jul, og det ser ut som mange av dei befolkningsrike kommunane står for den kraftigaste auken, skriv Nakstad i ein SMS til NTB.

Han trur det rekordhøge smittetalet onsdag delvis kan komme av at folk har venta til etter ferien med å teste seg.

– Men vi må likevel vere førebudde på at veketala vil auke. Derfor tilrådde vi òg forsterka tiltak, som regjeringa innførte i helga.

(©NPK)