Det viser ei fersk oktobermåling som Sentio har laga for Nettavisen , nøyaktig eitt år etter at Støre-regjeringa tiltredde.

– Det er den svakaste målinga for Arbeidarpartiet sidan mars 2002, seier administrerande direktør Arve Østgaard i Sentio til avisa.

Sp går også tilbake frå førre månad med eit resultat på 5,2 prosent. Partiet har ikkje vorte målt så lågt på Sentios målingar på sju år. Til saman får dei to partia 23,3 prosent.

– Det har jo vore ein utfordrande periode for begge regjeringspartia sidan det har vore mange kriser som har komme samtidig, både når det gjeld drivstoff, straum og krig, seier valanalytikar Svein Tore Marthinsen.

Marthinsen seier han trudde Arbeidarpartiet hadde funne ein botn når dei låg på rundt 20 prosent.

– Men det verkar ikkje som om ein har nådd botnen, dei har i alle fall ikkje klart å snu det noko særleg. Og tala for Senterpartiet ser endå verre ut, det er ingen grunn til å juble over desse tala.

(©NPK)