Aldri før har det vorte felt så mange hjort som i jaktåret 2021–2022. Talet på skotne elgar er på si side det lågaste sidan 1990–1991.

I alt vart det skote 52.800 hjort og 29.300 elg i jaktåret 2021/2022, viser tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Dei siste ti åra har talet på skotne hjort auka med 43 prosent, medan talet på skotne elg har gått ned med rundt 20 prosent, ifølgje SSB.

Frå førre jaktår til jaktåret 2021/2022 har fellingstala for elg gått tilbake i alle fylke bortsett frå Oslo. For hjort er trenden motsett med ein auke i alle fylke med hjortejakt.

Vestland er det store hjortefylket der nesten halvparten av dei felte hjortane vart skotne. Totalt vart 25.700 dyr felte under jakta i Vestland.

Flest elg vart felt i Steinkjer og Namsos, medan det vart skote flest hjort i Sunnfjord kommune og Kvinnherad.

(©NPK)