Ny episode av Tempopodden: Sjøormen Thunes fekk smultring av uegoistisk spiss

DEL

Tradisjonen tru, har byens mest prominente innbyggjarar samla seg på Florø stadion når nasjonaldagen lir mot kveld.

Apropos tradisjon, må det sjølvsagt rettast opp i feil frå førre podcast. Det bydast også på kontroversar, samt den faste dosen med generell pisspreik.

Denne gangen er det krumtappen i eit kvart lag, nemleg angrepet, som skal kårast i anledning tiårets lag for FK Tempo. Her er det sylskarp konkurranse blant notoriske måljegerar og påståtte tilretteleggarar. Blir det som i glansdagane, der det i realiteten berre var sju ledige plassar å kjempe om, eller har Tempomafiaen stempla ut siste ruta i klippekortet? Kven av kandidatane har gått frå sexylubben til tynn, og omvendt? Kven har måtte finne seg i å vike plass for ei tidlegare Bodø Glimt-legende? Kven har som fast kampritual å smuge på sidelinja før kamp? Dette, og mykje meir, får du svaret på i dagens episode!

I tillegg til dette, blir det velkjente sleivspark oppover, oppsummering frå Tempohistorias første pandemi-tilrettelagde fotballtrening, oppdatering frå Breivika og kanskje litt meir.

Du finn podkasten på Spotify og andre podcasttenester ved eit søk på Firdaposten. Der finn du og eldre episodar, både av Tempopodden, og podkastane til Firdaposten. Eller du kan høyre den akkurat her:

Artikkeltags