Ny episode av Tempopodden: Mann med mageproblem meldt til politiet etter å ha utført knebøy på Amfi

DEL

I dagens episode, er Florøs most wanted invitert inn til sheriffens landsby på Amfisenteret.

Det blir gastronomisk innspeling på byens beste saloon, utlysing av dusørpremie på ein dommar i Breimsbygda, og Tempos største mjauer blir sett i gapestokk.

Siste pennestrøket på tiårets lag skal settast, med ein third act twist som sjølv M. Night Shyamalan må ta av seg hatten for.

Tiårets trenar skal kårast, og vi får ein grundig gjennomgang av karrieren til Dani Winther.

I tillegg blir det nye forviklingar frå bingen, råd mot underlivsproblem, Teddy Sheringhams møte med ein ufyseleg nordmann, og mykje meir!

Du finn podkasten på Spotify og andre podcasttenester ved eit søk på Firdaposten. Der finn du og eldre episodar, både av Tempopodden, og podkastane til Firdaposten. Eller du kan høyre den akkurat her:

Artikkeltags