Det er Bergens Tidende som skriv dette.
Firdaposten fortalde om dette i helga.
BT fortel at det laurdag blei observert noko som blir omtala som ein «svær» drone ved Kristin-feltet, og tysdag dukka det opp ein drone som skal ha vore mindre enn 50 meter frå Heidrun-plattforma, der den blei observert av fleire personar frå heli-dekket.
Dermed er det rapportert om til saman seks observasjonar av droner innanfor sikkerheitssona på norsk sokkel: Ved Johan Sverdrup, Gullfaks C, Snorre A, Gina Krog, Heidrun og Kristin.
Per Steinar Stamnes, leiar i sokkelforeninga til Equinor, bekreftar begge desse hendingane overfor Stavanger Aftenblad. I følgje han skal personane på helidekket til Heidrun først ha sett eit blinkande lys, som etter kvart kom nærare enn 50 meter.
Begge hendingane er varsla inn til Petroleumstilsynet, og Stamnes seier det no blir jobba med å lage ei retningslinje for varsling til helikopterselskap, politi og andre myndigheiter ved observasjon av ulovleg droneaktivitet.
Pressekontakt i Equinor Eskil Eriksen verken bekreftar eller avkreftar dei nye observasjonane, men seier at det har vore gjort observasjonar ved nokre av deira installasjonar, og at dei er varsla til myndigheitene.
– Det vil vi halde fram med.