Gå til sidens hovedinnhold

Ny barnehage i Florø til neste år

Heller ikkje i år blir det byggestart for den nye sentrumsbarnehagen i Florø. Men planleggingsarbeidet er i gang.

For abonnentar

I juni 2019 vedtok Flora bystyre å bygge ny kommunal barnehage i Florø sentrum. Barnehagen skal ligge på kommunen si tomt, der Nepjarhaugen barnehage ligg i dag, og den skal erstatte tre av dagens kommunale barnehagar; Nepjarhaugen, Nyheimvegen og Dalvegen.

Opphavleg var planen å starte bygginga same år, men ulike moment har forseinka prosjektet. No er arbeidet i gang, i samarbeid med ekstern konsulent- og arkitekthjelp.

– I førre veke hadde vi oppstartsmøte med Sweco og Arki, som vi har engasjert til å hjelpe oss med å lage ein prosjektbeskriving og eit anbodsgrunnlag for den nye barnehagen.

Det opplyser Vidar Vårdal, tenesteleiar for bygg og anlegg i Kinn kommune.

– Arbeidet med barnehageanbodet starta i sommar, og vi har ein ambisiøs framdriftsplan. Men det blir nok ikkje byggestart i år, seier Vårdal.

Sannsynlegvis blir det heller ikkje kontraktstildeling før over nyttår.

– Vi vil nok bruke mykje av dette halvåret til planlegging, seier han til Firdaposten.

Ein av årsakene til at det har hasta med ein ny barnehage, er Arbeidstilsynet sine pålegg i Nyheimvegen barnehage. Barnehagen har vore driven på dispensasjon sidan 2011, og Arbeidstilsynet hadde i utgangspunktet sett foten ned for drift etter 1. august. 2020.

Les også

Unngår dagbøter

Les også

Dei driv barnehage på lånt tid

Les også

Det er framleis uvisst kor tid den nye barnehagen på Nepjarhaugen-tomta vil stå klar

Kommentarer til denne saken