Folk som bur i distrikta blir stadig meir positive til elbil. I fjor svarte tre av ti at deira neste bil skal vere ein elbil. I haust seier fire av ti det same. Det viser undersøkingar som Norstat har gjennomført for NAF.
- Utviklinga er eintydig. Stadig fleire vil ha elbil der skepsisen har vore størst, meiner Sødal.
Fritak for avgifter på kjøp av elbil og låge brukskostnader har vore viktige for det rekordhøge elbilsalet i Norge. Ni av ti privatkjøpte bilar er no heilelektriske. Dei siste åra har det kome elbilar som dekker mange sitt behov for storleik, rekkevidde og hengarfeste.
– Difor er det synd at regjeringen foreslår nye avgifter på elbil, no som distrikta står på terskelen for å skaffe seg elbil, seier han.
I forslaget til statsbudsjett vil regjeringa innføre ei vektavgift ved kjøp av elbil. Den er i realiteten ei rekkeviddeavgift, sidan større og tyngre batteri gir lengre rekkevidde. SV seier nei til vektavgifta i sitt alternative budsjett. Dermed er saka på bordet i forhandlingane på Stortinget.