Null bilar på Kystvegekspressen dei neste par vekene

FLORØ: MS "Solundøy" skal vere kystvegekspress ei tid framover, men båten kan ikkje ta med bilen din.

DEL

Kystvegekspressen mellom Måløy og Florø vil dei neste to vekene bli betjent av MS “Solundøy", melder Fjord 1.

Denne båten tek ikkje bilar, og det blir dermed ikkje mogleg å få med bil på ruta i tidsrommet, som reiarlaget trur vil bli på rundt 14 dagar.

MS "Solundøy" er 51 fot og blei bygt i Hyen i 1983. Marsjfart er 23 knop, og båten kan ta 48 passasjerar.

Artikkeltags