Ho blir sjef i nye NRK Vestland

DISTRIKTSREDAKTØR: Dyveke Buanes blir sjef i NRK Vestland.

DISTRIKTSREDAKTØR: Dyveke Buanes blir sjef i NRK Vestland. Foto:

BERGEN/FØRDE: Dyveke Buanes blir distriktsredaktør i nye NRK Vestland, når NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland slår seg saman frå 1. januar.

DEL

Buanes har vore distriktsredaktør i NRK Hordaland sidan 2017.

- Eg er stolt og glad over å få å leie det nye distriktskontoret og har stor tru på at vi kan få til noko veldig bra i fellesskap. Med meir samarbeid på tvers av dei gamle fylkesgrensene kan vi byggja sterke fagnettverk og oftare setje dagsorden med journalistikken vår, seier Buanes.

For å styrkje den fordjupande journalistikken i Vestlandvert noverande distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer, redaksjonssjef for fordjuping og samarbeid ved det nye distriktskontoret.

- Det er avgjerande at vi har miljø som kan levere kvalitetsjournalistikk også utanfor Oslo. Eg ser fram til å jobbe tett saman med dei flinke journalistane våre med å få fram fleire store prosjekt frå heile Vestland, seier Gilleshammer.

NRK endrar distriktskontorstrukturen i heile landet i lys av ny fylkesinndeling frå 1. januar.
Redaksjonane i Førde, Bergen, Sogndal, Odda, Nordfjordeid og Stord blir vidareført som i dag.

Tilbodet til publikum i Vestland vert slik:

- Separate radiosendingar frå Førde og Bergen som i dag, men det blir samsendingar når det er naturleg.

- Vestlandsrevyen held fram som i dag, men hovudsendinga får frå nyttår ny sendetid rett etter Dagsrevyen, kl. 19.45.

- I løpet av januar vert det lokale nett-tilbodet samla på nrk.no/vestland, med ei felles nettside.

NRK Vestland skal fortelje viktige historier frå vestlandsk kvardag som engasjerer flest mogleg, både i det nye fylket og i resten av landet. Distriktskontoret skal styrke mediemangfaldet, nynorsken, demokratiet og den offentlege samtalen i det nye felleskapetvi får frå nyttår, skriv NRK i ei pressemelding.

- Eg gler meg verkeleg til å sjå dette teamet sette visjonane for NRK Vestland ut i livet. Dyveke som ein ambisiøs, nytenkande og målretta redaktør, og Terje som med sidrivande kraft og faglege tyngde skal forme ei fordjupande satsing som kjem til å setje spor. Kvar for seg og saman kjem dei til å vere ei skikkeleg god samlande kraft for det nye kontoret, seier fungerande regionredaktør Rune Møklebust.

Terje Gilleshammer.

Terje Gilleshammer.


Artikkeltags