NRK-programleiar blir ny redaktør for Sogn Avis

GÅR TIL SJEFSSTOLEN: Arve Uglum blir ny redaktør i Sogn Avis.

GÅR TIL SJEFSSTOLEN: Arve Uglum blir ny redaktør i Sogn Avis. Foto:

Arve Uglum (45) tek over redaktørjobben i avisa.

DEL

Firda I desember 2019 gjekk Jan Inge Fardal av som ansvarleg redaktør i Sogn Avis etter 13 år i sjefsstolen. Han gjekk då til jobb som redaktør for Nynorsk pressekontor.

Tysdag blei det klart at Arve Uglum (45) tar over som ansvarleg redaktør i Sogn Avis. Det kjem fram i ei pressemelding.

– Dette er den mest spennande mediejobben i heimeområdet mitt, og det seier seg sjølv at eg måtte vurdere å søkje når den vart ledig. Slike sjansar kjem ikkje ofte. Eg er imponert over jobben Sogn Avis har gjort med å digitalisere avisdrifta dei siste månadene, og kome fram til at dette vil eg vere med på. Eg er takksam overfor styret som gir meg denne sjansen, seier Uglum.

Uglum har vore tilsett i NRK sidan 1999, og arbeidde før det i Sogn Dagblad og Årdal & Lærdal Avis. I tillegg til å ta over rolla om redaktør vert Uglum også dagleg leiar for avisa, men han må gjere seg ferdig i NRK først.

Etter planen skal han begynne innan 1. november. Fram til då er det Eli Grotle som er konstituert redaktør, noko ho har vore sidan Jan Inge Fardal slutta.

Når Uglum begynner blir Grotle nyheitssjef for avisa.

– Med Eli ved roret sette staben i gang med det store, digitale spranget ved nyttår. Ho og staben har så langt gjennomført dette på imponerande vis, med stor auke i talet på abonnentar. Vi har ein lang veg å gå enno, og i dagens omskiftelege medieverd ligg det nye utfordringar og moglegheiter rundt kvar sving. Eg er svært glad for at Eli blir med på denne vegen, seier Uglum i pressemeldinga.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken