NRK: Noreg er på «raudt» nivå

Av
DEL

Noreg har dei siste to vekene registrerte over 20 koronasmitta per 100.000 innbyggjarar og er dermed på raudt nivå, melder NRK.

Med 1.126 nye smittetilfelle dei siste to vekene har Noreg passert grensa for å bli vurderte som eit raudt land, skriv kanalen.

Grensa norske styresmakter brukar for å bestemme om eit land er raudt eller ikkje, er på 20 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene.

For Noregs del svarar det til i alt 1.084 nye smittetilfelle dei siste to vekene, basert på Folkehelseinstituttets befolkningsgrunnlag som er 5.421.241 personar.

Dermed har Noreg ein smittesituasjon på raudt nivå, med 20,77 smitta per 100.000 dei siste to vekene.

Det har dei siste vekene vore fleire større lokale utbrot rundt om i landet, og smittetalet har stige bratt. Det verste smitteutbrotet har skjedd i Fredrikstad og Sarpsborg kommunar, der over 200 har fått påvist smitte, og opp mot 2.500 personar er eller har vore i karantene.

I Bergen har 131 studentar ved Noregs handelshøgskole (NHH) fått påvist koronavirus. I tillegg er fleire studentar ved BI i Bergen og ti tilsette ved Haukeland universitetssjukehus òg stadfesta smitta.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken