Vil gi Notodden det første tapet sitt i obosligaen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Florøspissen Patrik Johannesen slit med eit leddband og er ikkje klar til kampen mot Notodden søndag. Vegar Gjermundstad har også vore til røntgenundersøking og kan vere usikker. Men nye Eirik Eikeng skal vere klar og Kristoffer Ryland er på gang etter ryggtrøbbelet som sette han ut borte mot Aalesund.

Nyopprykka Notodden har ikkje tapt til no i år og har to strake sigrar. Dei har sju poeng og ligg på tredjeplass A-poeng med Aalesund og to poeng bak Sandnes Ulf som har tre strake sigrar.

Både Florø og Notodden spelte første runde i cupen onsdag. Florø måtte som kjent ut i ekstraomgangar mot Fjøra. Det måtte også Notodden som til liks med Florø slapp med skrekken etter ekstraomgangar mot Pors.

Klokka 18.00 søndag møtest laga på Florø stadion i 4. runde.

Artikkeltags