Den siste veka har det vore full fart på Ekebergssletta i Oslo med Norway Cup. Bremanger hadde med eit lag, men det var også det einaste frå Flora- og Bremanger, i staden har dei to Eikefjordingane Andrine Olsen Endestad og Kristin Torsvik Myrvollen blitt med Førde 2 til Austlandet, og det vart lønna med b-finale i dag.

Førde-laget kom på tredjeplass i si gruppe, og enda såleis i B-sluttspelet. Der gjekk dei heile vegen og spelte i dag mot Surnadal IL i finalen. Det heile enda med at Førde 2 slo Surnadal 1–0 i finalen, og såleis vart eikefjord-jentene vinnarar av b-sluttspelet på Norway Cup.