Tveit døydde måndag, 2. mai.

Han er kjend som forfattar og dramatikar, og særleg kjend for sine burleske folkekomediar.

Tveit debuterte som forfattar i 1960 med biografen «Ei sjel og ei skjorte», som var ei forteljing om sambygdingen og bohemen Hans Gjerde sitt eventyrlege liv.

Han har skrive fleire drama, og har elleve urpremierar på norske scener sidan 1977. Stykket «Splint» er eitt av dei meste spelte i nyare norsk dramatikk, ifølgje Store Norske Leksikon.

Han fekk Ibsenpisen i 1993, Sogn og Fjordane fylke sin kulturpris i 2003 og kongeleg fortenestemedalje i 2007.

Han siste verk var boka «Kan det bli folk av slikt?» som kom ut i 2019.

Tveit skal bisettast frå Bø kyrkje i Leirvik tysdag 10. mai.