Frå 1. februar vart det innført ein ekstraordinær og mellombels auke på 1 krone per kilo kyllingkjøtt. Dette blir no vidareført, og endringa frå 4. juli kjem på toppen av dette, skriv E24 / Aftenbladet.

Årsaka til prisauken er mellom anna utfordringar bønder har knytt til prisauken i kraftfôr. Prisen på kraftfôr var i mars mellom 10 og 20 prosent høgare enn året før, ifølgje Felleskjøpet Agri. Nortura ventar no ein vidare auke fram mot sommaren.

– Den samla prisauken på kjøtt dekkjer utelukkande auka kostnader. Med desse tre prisaukane har vi dekt kostnadsauken det siste året, og produsentøkonomien er på same nivå som våren 2021, seier kommunikasjonssjef Mari Hagerup i Nortura.

Dei endelege butikkprisane blir likevel sett av daglegvarekjedene.

(©NPK)