Organisasjonen Norske Lakseelver donerer 20.000 kroner til aksjonistar som skal demonstrere ved Nordic Minings gruvearbeid på Engebøfjellet i Førdefjorden.

– Vi er samstemde på at dumping av gruveavfall i norske fjordar representerer ei forhistorisk haldning til natur og ressursforvaltning, seier styreleiar Ragnhild Brennslett i Norske Lakseelver i ei pressemelding.

Organisasjonen har tidlegare donert 10.000 kroner til aksjonistar i Repparfjorden og Førdefjorden.

No aukar dei støtta med 20.000 kroner til aktivistar frå Natur og Ungdom som har planar om å demonstrere på Engebøfjellet.

(©NPK)