I fjor vart etterslepet på vedlikehald estimert til 540 millionar på dei 114 fyra eigd av Kystverket. I år er budsjettet på 31 millionar til det løpande arbeidet.
– Det vert ikkje løyvd nok midlar til å ta igjen etterslepet, seier dagleg leiar Elisabeth Carrera i Norsk fyrhistorisk foreining til NRK.
Carrera ønskjer at gamle fyr langs norskekysten skal kunne brukast til blant anna overnatting og kulturformidling.
– Det er mange flotte fyr som er viktige for lokalmiljøet som møteplassar. Dei gir moglegheiter for å drive med turisme, seier ho.
Fyrstasjonar ligg utsett til for vêr og krev kontinuerleg vedlikehald. Guttorm Tomren i Kystverket seier bygg som viser rustrenningar, gjerne ser verre ut enn dei er.
– Vi prøver å gjere mykje arbeid når vi først er der. Fleire fyr er freda og krev entreprenørar med kompetanse til å jobbe med slike bygg, seier Tomren til kanalen.
Statssekretær Anders Tyvand i Samferdselsdepartementet seier målet til regjeringa i Nasjonal transportplan (NTP), er å bruke meir pengar på vedlikehald dei neste åra.
– Regjeringa har ein tydeleg ambisjon om å bli kvitt etterslepet på vedlikehald innan 12 år, seier Tyvand til NRK.
(©NPK)

Kinn kommune vann stort då ekstramidlar til fyr-vedlikehald vart delt ut

Tone har fyr til deg

Ytterøyane får sårt tiltrengd rehabilitering: – Eg er veldig glad, seier den siste fyrvaktaren
