Blir du med å telle småfuglar i hagen din?

Blåmeisa er vår nest vanligste fugl ved foringsplassen.

Blåmeisa er vår nest vanligste fugl ved foringsplassen. Foto:

For 12. gong arrangerer Norsk Ornitologisk Forening «Hagefugltellinga» i Norge, og dei håpar også i år på høg deltaking,

DEL

– Det er 12. gang vi arrangerer Hagefugltellinga og vi håpar som vanleg på stor deltaking. Vi ventar rapportar frå ca. 9.000 fôringsplassar som vil involvere rundt 18.000 personar i alle aldrar. Vi satsar på å registrere fleire fuglar enn i fjor, då resultatet blei nesten 485 000 fuglar, melder Norsk Ornitologisk Forening. 

Målet med Hagefugltellinga er å skape blest om fuglar og natur med fuglefôring som ein spennande og underhaldande aktivitet. Volumet på innrapporteringa er no så stor og dei har heldt på så mange år at NOF kan danne seg eit bilde av bestandsutviklinga for våre mest vanlege vinterfuglartar. 

Kvar er det blitt av småfuglane?

Spørsmålet dukkar opp kvar haust og vinter frå ivrige fuglefolk rundt om i landet, men i år har det vore sjeldan mange slike førespurnader, fortel NOF.

Dette kan vere vanskeleg å svare på, men nærvær av fuglar er som regel vêrmessig betinga. Er det lite snø i skog og mark så finn fuglane nok mat i skogen, der dei trass alt trivst best. Kjem det mykje snø og kuldeperiodar så trekker dei inn til husa der dei håpar å finne mat. 

Sensasjon i fjor


Kjøttmeisa har vore på topp både i tal og utbreiing i alle dei ti første åra med hagefugltelling. Men i fjor kom det ein stor invasjon frå aust av gråsisik, og det blei telt nesten 66.000 av desse.
Dei vippa dermed kjøttmeis ned til andreplass med sine 64.400.

– Dette vil nesten garantert ikkje skje i år, då invasjon av gråsisik ofte skjer med nokre års mellomrom. Men vi kan få andre streifande artar i store tal, til dømes dompap, som er ein fugl alle ønsker skal dukke opp på vinterforinga, melder NOF. 

Regionale forskjellar


På landsbasis er det alltid kjøttmeis, blåmeis og skjære i nemnde rekkefølge som er dei fugleartane med størst utbreiing. Kjøttmeisa dukkar opp på ca. 95 % av alle fôringsplassar og er vår vanlegaste vinterfugl. 

Ser ein på den fylkesvise fordelinga frå i fjor er det mange interessante forskjellar. For eksempel hadde Rogaland svarttrost og rødstrupe til stades på høvesvis 86 % og 77 % av alle foringsplasser, mens i Hedmark, med sitt kalde og snørike innlandsklima, var tala 6 % svarttrost og 1 % nærvær av rødstrupe. Dette viser tydeleg at det ofte milde og snøfattige vestlandsklimaet gir større mangfald enn snørike og kalde innlandsområde. Artsrikdommen avtar også betydeleg frå sør mot nord. Færrast arter ved foringsplassane er det i Finnmark, men det kan skryte av å vere einaste fylke som har den sjeldne lappmeisa. Ved å gå inn i telleresultatene finst ein rekke moglegheiter med blant anna fylkesvise visingar, kart som viser utbreiinga, trendar sidan 2008, enkeltresultat frå foringsplassene osv. 

Trendar og klimaendringar
Ser ein på resultata over de 12 årene teljinga har gått føre seg så ser ein at vår vanlegaste vinterfugl, kjøttmeisa, har klar tilbakegang. Den er framleis så vanleg at folk ikkje tenker noko vidare over dette, men tala viser at gjennomsnittleg tal kjøttmeis ved foringsplassane har gått gradvis nedover frå 11 til sju.

- Det blir spennande å sjå om denne trenden held fram også i år, seier NOF i ei pressemelding.

Gulsporv er ein annan art som har hatt markert nedgang med 20 individ per fôringsplass i 2012 til ni i fjor. Ei halvering på seks år er dramatisk, men vêrmessige forhold som lite snø er ein faktor å ta omsyn til, men arten vil bli følgt nøye dei kommande åra. 

Klimaet har gjennom ein årrekke gått i retning av mildare og meir snøfattig vintrar her til lands. Naturen vert påverka av dette og blant enkelte fugleartar ser ein tydelege endringar i utbreiing, mens andre artar som normalt trekker ut av landet i aukande grad vel overvintring. 

Går ein nokre tiår tilbake så var stillits og kjernebiter fuglar som hadde sin hovedutbreiing rundt Oslofjorden. Dei seinare år har begge desse artane dukka opp på nye stader og brer seg ut over landet både i vestleg og nordleg retning. Spettmeis og pilfink er andre artar som har vist stor framgang. 

Svarttrost, rødstrupe, gjerdesmett og munk er artar der størstedelen av bestanden trekker ut av landet på hausten, men stadig fleire prøver no å overvintre. Dei overvintrande fuglane vil ha ein fordel på våren med å okkupere dei beste hekkeplassane før deira artsfrendar dukkar opp, men blir dei overraska av stort snøfall og kulde kan ein overvintring få katastrofale følger. 

Invasjonsarter
Enkelte år når frøsettinga er dårleg i dei store skogane i nordlege Russland, Finland og Sverige kan vi få masseinnvandring av fuglar frå aust. I fjor opplevde vi dette med gråsisik i hopetal, men det kan også vere flokkar med dompap og grønfink, eller store tal av flaggspett.           

Stor interesse for mating av fuglar
- Det er stor interesse for å mate fuglar i Norge. Årleg vert det seldt ca. 16 000 tonn med villfuglmat. Det er ca. 400 000 nordmenn som hjelper våre små fjørkledde venner med mat nå i vinterhalvåret, fortel foreininga.

Fleire og fleire nordmenn finn ut at mating av fuglar er ein spennande og lærerik hobby. Dessutan skaper det liv og fargar i dei kalde omgivnadene no vinterstid.

Sjølv om mengder med meiser og sisikar skaper masse liv rundt fôringsplassen er det ofte de meir uvanleg gjester som gir den største gleda og spenninga. Det kan vere ein einsleg rødstrupe, ein munk, trekryper, gråspett og ikkje minst om ein flokk med stjertmeis skulle dukke opp. For å ha moglegheit til å oppleve mange forskjellige fuglearter er det viktig med variert mat på fôringsplassen, og at det finst mat både på bakken, i trea og på fuglebrettet. Eit tips for å få trekryper er å gni matfett på trestammene, eventuelt å feste fettklumper og meisebollar inntil sjølve stammen på treet.

Vinteren er sjølve flaskehalsen for alt liv i naturen. Spesielt er kalde og snørike vintrar vanskelege å takle for både fuglar og dyr. Sjølv om våre overvintrande fuglar er skapt for å klare seg gjennom det harde vinterklimaet her nord, så seier det seg sjølv at ein fôringsplass gjør livet enklare og i tillegg gi oss menneske gode opplevingar og underhaldning.

NOFs fuglerestaurant
Mange bur i blokk eller i burettslag der det ikkje er tillete med fugleforing.

- For alle dei som skulle ønske dei hadde ein plass å mate fuglane kan vi anbefale å gå inn på NOFs Fuglerestaurant via Fuglevennens heimeside der vi sender direkte TV døgnet rundt frå ein fôringsplass på Nesodden, seier NOF.

Fuglerestauranten kan du sjå her: NOFs fuglerestaurant

Kva skal tellast?
Hagefugltellingen går føre seg ved at man noterer alle fuglar som blir sett på fuglebrettet og rundt fôringsplassen på éin dag. Det skal noteres det høgste tal ein ser på éin gang av kvar fugleart. Ser ein fuglar som flyr over nærområdet, ev. andre observasjonar gjort under teljinga kan det også noterast. Det same gjeld dei pattedyr som måtte dukke opp, som blant anna ekorn og rådyr. Teljinga av fuglane skal leggjast inn på Fuglevennen.no. Oversikt over tal hagar, arter og individ som er registrert vert oppdatert med ein gong nokre har lagt inn sine observasjonar.

Er folk bortreist den aktuelle helga og for dei skular og barnehagar som deltar, er det mogleg å legge inn sine observasjonar ein gang i tida mellom 19. januar til og med 3. februar.

  • I 2018 var det sju frå Flora som deltok i hagefugltellinga, og ti i Bremanger. Resultata kan du sjå her: Flora   Bremanger

Artikkeltags