– Svanøy imponerer meg

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og Johan Trygve Solheim hos kjøttforretninga Strøm-Larsen i Oslo.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og Johan Trygve Solheim hos kjøttforretninga Strøm-Larsen i Oslo. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale brukar inspirasjon frå Norsk hjortesenter i viltkjøtt-politikken.

DEL

Tidlegare i år besøkte ministeren Svanøy og Norsk hjortesenter, og var med dagleg leiar Johan Trygve Solheim å lage spekepølse av hjort. Besøket imponerte han stort.

– Svanøy er ein fantastisk plass, og Norsk hjortesenter står for eit viktig kompetansemiljø nasjonalt. Senteret er også ein motor i Svanøy-miljøet. Det er imponerande å sjå alt dei har fått til, og ein ser kor opptekne dei er av å utvikle staden og tilboda. Det var veldig interessant å besøke dei, seier Dale til Firdaposten.

– Det er eit av dei mest imponerande besøkene eg har hatt som minister, og eg har hatt mange!, legg han til.

Smakte spekepølse

Denne veka trefte ministeren Johan Trygve Solheim på nytt, under eit arrangement hos kjøttforretninga Strøm-Larsen i Oslo. Her fekk han smake på spekepølsa han sjølv var med å lage på Svanøy i mai.

– Den var utruleg god. Det hjelpte at det var Johan Trygve som hadde laga oppskrifta!

Grunnen til at dei treftest i Oslo, var ei markering av at ministeren no vil ha meir verdiskaping i viltkjøtt- og jaktnæringa, og ei større satsing på å få ut potensialet. Til markeringa hadde han invitert hjortesenteret.

Ministeren var på Strøm-Larsen for å snakke om potensialet i næringa, og moglegheita for å gi forbrukarane større tilgang på viltkjøttprodukt. Dale er oppteken av at ein i landbruket skal ta i bruk alle ressursane ein har, også utmarksressursane, og å auke verdiskapinga innan jakt og fiske. Då spesielt hjortevilt.

Lokalmat frå Svanøy

Vilt er ein stor, men avgrensa ressurs. Årleg vert det hausta om lag 6000 tonn viltkjøt i Norge. Det høyrest mykje ut, men det svarar til ikkje meir enn eit eller to oppdrettsanlegg med laks, påpeikar Johan Trygve Solheim.

Hjortesenteret stilte med smaksprøver på fleire ulike pølse underr arrangementet i Oslo. Om pølsa ministeren var med å lage fortel Solheim at det var den beste dei hadde med seg;

– Oppskrifta på den pølsa er utvikla i samarbeid med den kjende kurshaldaren Magnhild Dyrdal, og det er gamle tradisjonar som er teke i bruk. Den består berre av reint hjortekjøt og salt. Der er ikkje feitt i den, det er prosessen som er nøkkelen.

Leiaren av Norsk hjortesenter synst det er stas å få skryt av ministeren.

– Det gler meg stort at landbruksministeren er så begeistra over arbeidet vårt, og at han likte pølsene.

Stort potensial

Norsk viltkjøtt er ei råvare i verdsklasse, men det er liten tilgang. Delar av hotell- og restaurantnæringa i Norge må importere viltkjøtt frå utlandet, og det er stor, udekt etterspurnad etter norsk viltkjøtt.

– Eg trur ei satsing på både jakt og oppdrett kan skape store verdiar og arbeidsplassar i distrikta. Det er ein marknad i vekst, seier Dale.

Norges Skogeierforbund har estimert at omsetnaden knytt til jakt i Norge kan aukast til rundt 1,8 milliardar kroner i 2020. Det er ein auke på over 60 prosent frå 2009. Og nesten ein halv million nordmenn er oppført i jegerregisteret.

Av tiltak Dale trur vil fungere for å få meir verdiskaping ut av jaktsesongane, er betre utnytting av jaktkvotar, spesielt dei som ikkje blir brukt, større hjortevald, og å utvide ordninga med feltkontrollørar. Slik kan ein auke salet av viltkjøtt direkte frå jeger til forbrukar. Det kan også gi inntekter til grunneigarar gjennom utleige og jaktturisme.

Har påverka jordbruksavtala

Vidare håpar han fleire bønder vil satse på hjorteoppdrett. Per i dag er det rundt 100 hjortebønder i Norge.

– Fleire bør gjere som Johan Trygve på Svanøy. Innan hjorteoppdrett kan ein mangedoble dagens omsetnad. Med fleire oppdrettarar blir det også betre slaktetilbod, og enklare for forbrukarane og hotell- og restaurantnæringa å få kjøpt lokalt viltkjøtt, seier ministeren.

Hjorteoppdrettarar får statsstøtte som andre typar bønder. Det er regulert i jordbruksavtala, og Dale fortel at innspel frå Johan Trygve Solheim har vore med å forme avtalevilkåra i denne.

– Etter førre møte eg hadde med Solheim påpeika han nokre svakheiter i ordninga for hjortebønder, som eg så fekk retta opp i. Så han har direkte påverka jordbruksavtala, seier ministeren.

Dette var ikkje Solheim sjølv klar over.

– Det er veldig kjekt om vi har vore med å påverka jordbruksavtala, og at ministeren lytta til innspela vi kom med i mai. Det er ei veldig viktig kampsak at hjortebønder vert likestilt med andre bønder, seier Solheim, som på si side er imponert over Dale.

– Eg har møtt mange ministrar, men Dale er den mest jordnære eg har snakka med. Han er ein bra landbruksminister. Han er ikkje jeger, men eg har invitert han med på reinsjakt. Han hadde veldig lyst, men i valkampen no hadde han ikkje tid. Og så er det straks val, så får vi sjå kva som skjer etter det, seier Solheim.

Artikkeltags