Det stadfestar fastlege Normund Svoen tidleg fredag morgon.

- I går ettermiddag vart vi heilt utan telefondekning. Det vil seie at dei som skal kontakte oss ikkje kjem fram gjennom det vanlege telefonnummeret, seier Svoen.

Men han strekar under at dei skal få på plass ei naudløysing i løpet av dagen. Inntil dess kan du bruke legevaktstelefonen på 5774 5113 om du skal ha kontakt med lege. Du kan også bruke legegruppa si nettside for å få kontakt eller bestille time.

- Vi reknar med at telefonsentralen er oppe og går som normalt frå måndag av, seier Svoen.

Også dei andre selskapa på SMS-bygget er utan telefondekning, mellom anna apoteket og Synssenteret.