Gå til sidens hovedinnhold

Normal drift ved ungdomsskulane frå 20. januar

Så lenge regjeringa ikkje kjem med nye tiltak, vil ungdomsskulane i Kinn gå tilbake til normal drift frå onsdag. Bremanger kommune ventar med å vurdere til etter regjeringa si pressekonferanse.

Ungdomsskulane har frå 4. januar vore drifta på raudt nivå. Dette tiltaket er meint å gjelde til og med 19. januar.

Dersom regjeringa ikkje kjem med tiltak heimla i forskrift, vil ungdomsskulane i Kinn bli opna for normal drift frå 20. januar. Det melder kommunedirektør Terje Heggheim i sitt fredagsbrev.

Den normale drifta vil også gjelde for idrettshallar og aktivitetar for born og unge – som vil bli opna igjen.

Heggheim presiserer at dette er mein som ei varsling, og at kommunen vil stadfeste det i eiga melding etter at regjeringa har halde pressekonferanse måndag.

Rådmann i Bremanger kommune, Tom Joensen, seier til Firdaposten at dei ikkje har konkludert med om det blir normalt drift ved ungdomsskulane, men at det ikkje er usannsynleg at det blir resultatet etter regjeringa sin pressekonferanse.

– Vi er litt avventande, men håpar på mest mogleg normalt drift, seier Joensen. Vi har likevel gode rutinar med heimeskule, så vi har innarbeida god fleksibilitet der.

Kommentarer til denne saken