Kontraktsperioden startar 1. mai 2024 og varer til 30. april 2025, med moglegheit for noko tidlegare oppstart. Det ligg også ein opsjon på fire nye år i kontrakten med Skyss.

– Vi er veldig glade for å ha vunne anbodet om Kystvegekspressen. Norled styrkar no posisjonen sin som landets største hurtigbåtoperatør. Vi ser fram til å ønske velkommen passasjerar om bord og sørge for gode reiseopplevingar, seier administrerande direktør i Norled, Heidi Wolden.