Helseminister Bent Høie (H) møter måndag formiddag pressa for å informere om tiltak i samband virusvarianten frå Storbritannia.

Varianten står i fare for å spreie seg til Noreg, og Høie har varsla at strenge tiltak kan komme raskt. Nabolanda våre har innført innreiseforbod frå Storbritannia, og Noreg kan komme til å gjere det same.

Viruset er oppdaga i fleire land, mellom anna Danmark, Nederland og Italia.

Ifølge TV2 vil Norge stanse innreise frå Storbritannia.

Den nye virusvarianten står i fare for å spreie seg til Noreg, og Høie har varsla at strenge tiltak kan komme raskt. Nabolanda våre har innført innreiseforbod frå Storbritannia, og Noreg kan komme til å gjere det same. Etter det TV 2 erfarer, så vil Noreg gjere det same.

I Skandinavia er det no berre Noreg som held grensene opne. Ifølgje Aftenposten skal to fly frå London lande på Gardermoen måndag ettermiddag, medan to fly frå Aberdeen er venta til Bergen og Stavanger.

– I føremiddag vil det bli vurdert om vi ytterlegare skjerpar dei krava som vart innførte i går, inkludert at ein stoppar flygingar, sa Bent Høie til NRK tidleg måndag morgon.

[email protected]