Gå til sidens hovedinnhold

Norge har passert 1.000 koronadødsfall

Over 1.000 koronarelaterte dødsfall er no registrerte i Norge. Ifølgje FHI har 1.002 personar i Norge mista livet etter å ha vorte smitta av koronaviruset.

Det første registrerte koronadødsfallet i Norge kom 12. mars i fjor. Sidan den gong har over 1.000 koronasmitta personar mista livet, anten med eller av viruset.

Ifølgje Folkehelseinstituttet måndag har talet no stige til 1.002. Dermed er nok ei grense i epidemiutviklinga kryssa.

– Eg har den største medkjensla med dei som har mista sine kjære, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) til NTB.

Ho minner om at pandemien ikkje er over, og at dette viser viktigheita av at alle bidreg til å få ned smitten og hindre alvorleg sjukdom.

– Kvar og ein kan bidra med å ta vaksinen, følgje smittevernråda og halde seg heime og teste seg ved symptom, seier Kjerkol.

– Vaksinen gir godt vern mot smitte og sjukdom, men effekten minkar over tid. Det gjeld spesielt for dei eldste. Mange av dei som er innlagt på sjukehusa no, er eldre personar som vart vaksinerte på seinvinteren. Det er derfor svært viktig at eldre over 65 år no får oppfriskingsdose så raskt som mogleg, og eg oppmodar kommune til å prioritere dette, seier helseministeren.

Smittetrenden i Norge er stigande. Det siste døgnet er det registrert 1.470 koronasmitta i Norge, som er 314 fleire enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 2.055 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 1.667.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken