Gå til sidens hovedinnhold

Norge får Pfizer-dosar raskare

Pfizer reknar i nye overslag med å kunne levere 25 prosent fleire vaksinedosar i 2021. Dermed kan Norge få dei bestilte dosane raskare, skriv Dagbladet.

– At produksjonen no går raskare, betyr ikkje nødvendigvis at Norge skal kjøpe fleire vaksinedosar, men at dei vi allereie har bestilt, kjem fortare, seier kommunikasjonssjef Joachim Henriksen i Pfizer Noreg til avisa.

Dei nye overslaga tilseier at nesten tre gonger så mange dosar blir leverte i andre kvartal enn i første kvartal av 2021.

Det tyske legemiddelselskapet Biontech varslar at dei i år vil produsere 2,5 milliardar dosar av vaksinen som dei har utvikla i samarbeid med Pfizer.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken