I tillegg får Norge overføre 15 tonn ufiska kvantum frå 2022 til 2023, som betyr at norske fiskarar kan fiske inntil 383 tonn makrellstørje i 2023.

– For alvor tilbake

– Makrellstørja er for alvor tilbake i norske farvatn, og som kyststat til denne bestanden som no har innteke våre næringsrike havområde, arbeider vi kontinuerleg for å auke den norske kvoten. Eg er difor veldig nøgd med at vi har fått gjennomslag det, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i ei pressemelding.

Den internasjonale kommisjon for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT) har vedteke ein ny forvaltingsprosedyre for forvalting av makrellstørje i heile Atlanterhavet. Bestandsberekninga dei neste tre åra har gitt ein auke i totalkvoten. I tillegg har Norge fått auka sin del, noko som bidreg ytterlegare til auken i den norske kvoten.

Totalkvoten på makrellstørje har auka frå 36.000 tonn i 2022 til 40.570 tonn i 2023. Av totalkvoten er norsk del i dag på 0,91 prosent.

Trur på levandelagring

Norge har fått gjennomslag for sitt forslag om å gjennomføre eit pilotprosjekt for levandelagring av makrellstørje i tre år fra 2023, innanfor eit avgrensa kvantum. Pilotprosjektet skal danne grunnlag for eit framtidig regelverk dersom prosjektet lukkast.

Føremålet med levandelagring av makrellstørje er å kunne ha moglegheit til å spreie råstoff til marknaden over tid, og å forbetre og bevare den gode kvaliteten på makrellstørja.

– Vi har det siste året arbeidd med å få på plass eit regelverk for levandelagring av fisken, og vi har no fått godkjenning av ICCAT (The International Comission for the Conservation of Atlantic Tunas) til å gjennomføre eit pilotprosjekt for konseptet. Vi har over fleire år fått innspel frå næringa om at levandelagring av makrellstørje kan vere ein veg å gå for å oppnå større verdiskaping og for å legge til rette for å betre marknadssituasjonen. Vi er veldig tilfredse med at vi no har komme eit steg vidare med å legge tilhøva til rette for større verdiskapning og aktivitet av våre fiskeressursar, seier Skjæran.

Pilotprosjektet må følgje ICCAT-regelverket, og det vil også vere mogleg å eksportere makrellstørje som er ein del av prosjektet.