Norge blir gradvis opna opp

Oslo 20200407. 
Kunnskapsminister Guri Melby (V), Statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) under en pressekonferanse om hvilke koronatiltak regjeringen ønsker å videreføre i dagene og ukene etter påske.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Oslo 20200407. Kunnskapsminister Guri Melby (V), Statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) under en pressekonferanse om hvilke koronatiltak regjeringen ønsker å videreføre i dagene og ukene etter påske. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix Foto:

Av
DEL

«Langsamt og varsamt» lettar regjeringa opp på koronatiltaka. Barnehager og skular opnast, frisørar får jobbe og hytteforbodet forsvinn.

Men dei ventar med å løyse opp tiltaka mot koronaviruset til etter påske.

– Det skal gå langsamt og varsamt, sånn at vi kjem oss trygt heim igjen, sa helseminister Bent Høie då han og regjeringa presenterte endringane i tiltaka. Dette er nokre av hovudpunkta:

* barnehagane opnar 20. april, medan skulane blir opna på nytt frå 27. april for 1.–4. klasse og SFO.

* 20. april: Frisørar og hudpleiarar kan gjenopne om dei oppfyller krav om smitteverntiltak.

* Hytteforbodet blir oppheva 20. april.

* Større idretts- og kulturarrangement er forbodne fram til 15. juni.

* Fysioterapeutar og psykologar kan begynne å jobbe igjen frå 20. april, men må følge nye smittevernstandardar.

Solberg: – Langt frå halvspelt

Samtidig vidareførast karantenereglane, krav om å halde avstand, reiserestriksjonar og hygieneråda.

– Det vi gjer nå, er å opne litt opp. Men eg vil understreke så sterkt eg kan, at dette ikkje betyr at vi kan bli meir uforsiktige på andre område. Andre tiltak og råd gjeld difor framleis, seier statsminister Erna Solberg (H).

Ho åtvarar mot å tro at vi no kan lene oss tilbake og bevege oss for fullt tilbake til kvardagen.

– Vi er framleis langt frå halvspelt om vi skal samanlikne oss med ein fotballkamp. Men med godt lagspel har Norge klart å få kontroll på dette viruset. Jobben no er å halde fast på denne kontrollen, seier statsministeren.

Tilbake til meir normal kvardag

Kunnskapsminister Guri Melby (V) seier at målet til regjeringa er at alle barn skal tilbake på skulen før sommaren.

– Det er ikkje sikkert det blir som før 12. mars, for mange blir det kanskje i mindre grupper. Og det er ikkje sikkert at alle får fulle dagar eller fulle veker. Men det å komme tilbake til ein meir normal kvardag og sitt vante miljø, er viktig for alle barn og unge, ikkje berre for dei minste, seier ho.

Kunnskapsministeren kunne også fortelje at dei vidaregåande skulane opnar for elevar på yrkesfag for dei to siste årstrinna frå 27. april, medan universitet, høgskular og fagskular opnar for nokre studentar og tilsette same dag.

– Ikkje vunne

Helseminister Bent Høie seier at betre testing og rask isolering av smitta blir viktig i tida framover.

– Kampen mot viruset er ikkje vunne, sjølv om vi no ser ut til å ha nådd målet om at kvar person i gjennomsnitt ikkje smittar fleire enn éin. Vi må framleis belage oss på strenge smitteverntiltak i lang tid, seier han.

Regjeringa utelukkar ikkje at dei kan bli nøydd til å stramme inn igjen seinare om smitta blussar opp igjen.

– Vi har no kortroll på smittespreiinga, men vi veit også at det er veldig lett å miste kontrollen. Difor må vi alle ta omsyn til tryggleik og føreseielegheit, seier Høie.

(©NTB)

Artikkeltags