Gå til sidens hovedinnhold

Noregs Mållag ønsker ekstrapoeng for nynorskelevar ved studieopptak

Nynorskelevar bør få tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning, meiner Noregs Mållag. Statsråd Henrik Asheim lover ein grundig gjennomgang av dagens ordning.

– Det bør løne seg å velje nynorsk. Difor bør forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) gi vidaregåande skuleelevar med nynorsk som hovudmål ekstrapoeng ved opptak til høgare utdanning, skriv mållagsleiar Peder Lofnes Hauge i eit lesarinnlegg i Bergens Tidende.

For tida blir det jobba med eit forslag til ny universitets- og høgskulelov. I samband med det blir dagens ordning med tilleggspoeng vurdert.

– Det kjem stadig forslag om nye tilleggspoeng, men det er ingen som har sett seg ned og sett på summen av alt dette. Difor kastar vi no alt opp i lufta og tek ein grundig gjennomgang, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim til NRK.

Bokmålsforbundet er lite imponert over forslaget til Noregs Mållag.

– Dette er ikkje noko nytt, men kjente tonar. Nynorsk går tilbake trass i nynorskvennlege lovar og 80 millionar kroner i året i direkte støtte, seier formann Steinar Øksengård.

I dag får ein tilleggspoeng for fullført folkehøgskule, militær- eller sivilteneste og studiepoeng frå fagskule og høgare utdanning. Det givast også ekstrapoeng for alder, realfag og språk, og dessutan i visse tilfelle for kjønn og opptaksprøver.

Kommentarer til denne saken