Nordic Mining har søkt om driftskonsesjon for Engebøprosjektet

HAR SØKT: Måndag morgon vart det kjent at Nordic Mining ASA har søkt Direktoratet for Mineralforvaltning om driftskonsesjon for produksjon av rutil og granat frå Engebøfjellet.

HAR SØKT: Måndag morgon vart det kjent at Nordic Mining ASA har søkt Direktoratet for Mineralforvaltning om driftskonsesjon for produksjon av rutil og granat frå Engebøfjellet. Foto:

Av

NÆRINGSLIV: Har levert søknad til Direktoratet for Mineralforvaltning.

DEL

Nordic Mining ASA har søkt Direktoratet for Mineralforvaltning om driftskonsesjon for den planlagte produksjonen av rutil og granat på Engebø. Søknaden er gjort via deira dotterselskap Nordic Rutila ASA.

Det er klart måndag morgon, og søknaden vart gjort kjent via ei pressemelding frå selskapet, melder Firda.

– Søknaden om driftskonsesjon representerar ein viktig milepæl for klargjering av prosjektet mot den kommande driftsfasen. Mineralverksaemda på Engebø vil bli ein langsiktig industriverksemd i Naustdal og Sunnfjord-regionen», seier CEO Ivar S. Fossum.

Detaljar om korleis dei skal drive

Til Firda fortel Fossum at dei meiner at Nordic Mining har levert ein søknad som vil dokumentere i detalj korleis dei skal drive på ein sikker, ressurseffektiv og berekraftig måte.

– Det er viktig å vise myndigheitene korleis vi vil operere, seier han.

Fossum vil ikkje spekulere i om når dei kan vente svar på søknaden, men understrekar at han meinar at selskapet har utarbeidd ein grundig søknad.  

– Søknaden er ein av mange paralelle prosessar, vi er blant anna midt i det endelege muligheitsstudiet, og vi jobbar med avtalar som skal sikre robust finansiering, seier Fossum.

Håpar på byggestart i 2020

Med søknaden levert håpar mineralselskapet no å vere eit viktig steg nærare oppstart. Fossum ser føre seg at dei er klare til å starte byggeaktivitet i 2020. 

Fossum vil ikkje gå i vidare detaljar utanom at han omtalar fleire "arbeidspakkar" knytt til oppstarten, til dømes ombygging av fylkesveg, oppstart av førebuande aktivitet, og bygging av tekniske modular. Noko blir gjort lokalt, noko blir gjort eksternt.

– Hovedhensikta er som sagt å vise driftsmetoden i prosjektet vårt på detaljnivå for myndigheitene, seier han.

Vil koste 200 millionar dollar

Prosjektet er førespegla å koste i overkant av 200 millionar dollar å starte opp. Etter dagens valutakursar svarar summen til om lag 1,7 millardar norske kroner.

 – Dette er tal frå vår moglegheitsstudie frå 2017, seier Fossum.

Fossum fortel at summen frå 2017 framleis er den gjeldande. Denne summen er den som må på plass før dei kan gå i gang. 

Etter første spadetak er teke, er det venta at gruva skal kunne vere i drift etter to år.

Artikkeltags