Gruvedriftklage avvist av regjeringa

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Regjeringa har i dag behandla og avvist ei klage retta mot utsleppsløyva for Engebøprosjektet.

DEL

Klaga kom frå ulike miljøorganisasjonar, men vart i dag avvist av Kongen i Statsråd. Dette betyr at utsleppsløyva til Nordic Mining no er endeleg, og ikkje kan bli påklaga ytterlegare, står det i ei børsmelding på Oslo Børs sin nettstad som Firda gjengir.

Fossum: – Meget positivt

Nordic Mining-sjef Ivar Fossum er nøgd med avgjersla.

– Det er meget positivt at klagebehandlinga no er avslutta, og at utsleppsløyva er endeleg. Vi ser fram til å utvikle Nordic Rutile til ei framtidsretta mineralverksemd, seier Fossum i børsmeldinga.

Dette står i ei børsmelding på Oslo Børs

Natur og ungdom er misnøgd med avgjersla til regjeringa, går det fram av ei pressemelding dei har sendt ut.

– Regjeringa viser i dag at dei ikkje har nokon respekt for natur og miljø. Vedtaket i dag stridar mot havforskinga. Å dumpe gruveavfall i sjøen vil kunne få vesentlege konsekvensar for fleire raudlista artar i Førdefjorden, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og ungdom.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken