– Gøy å bli kjent med nye folk

OPERA NORDFJORD: Sujjad Noor Ali - 18 frå Afghanistan., Abdulkadir Abdullahi Osman, 19 år - frå Somalia. , Ahmadey 16-  år og frå Somalia.

OPERA NORDFJORD: Sujjad Noor Ali - 18 frå Afghanistan., Abdulkadir Abdullahi Osman, 19 år - frå Somalia. , Ahmadey 16- år og frå Somalia. Foto:

Det kriblar litt i magen til Sujjad Noor Ali (t.v.), som skal både synge og danse på Fargespel-scena i Opera Nordfjord.

DEL

Den afghanske 18-åringen med heimeadresse Svelgen går til dagleg på byggfag på vidaregåande skule i Florø. Han er ein av dei som har takka ja til å vere med på bygdavarianten av Fargespel på Eid.

16 land

Barn og unge i alderen seks til tretti år frå seksten ulike land, inkludert norske, skal vere med. Alle Nordfjord-kommunane utanom Selje har eigne Fargespel-grupper. Frå Selje skal likevel to barn delta, så heile Nordfjord blir samla i prosjektet. Bremanger har over 40 deltakarar i prosjeket.

For første gong skal Fargespel settast opp utanfor dei store byane. Tidlegare har det vore framsyningar i Bergen, Ålesund, Trondheim, Oslo, Larvik og Tønsberg, men no har også Nordfjord fått lisens til å arrangere.

Torsdag kveld var det generalprøve.

– Det gjekk heilt greitt, seier Sujjad Noor Ali.

– Så du er ikkje nervøs for premieren?

– Jau, litt. Eg skal både synge og danse. seier han.

– Har du blitt kjent med folk frå andre nasjonar som er med i prosjektet?

– Ja, eg har blitt kjent med både norske, syriske og somaliske folk. Det har vore kjekt og gøy å treffe nye.

Bringe folk i hop

Nettopp dette er eit av hovudmålsetjingane til Fargespel. Å bring folk i hop og auke forståing av kvarandre sin kultur og levemåte. 

– Eg blei veldig inspirert av dei som starta dette i Bergen, har sett det på tv og har blitt rørt av ideen. Det er eit stort prosjekt og vi har fått tildelt 400.000 kroner frå kulturdepartementet og 200.000 kroner frå Gjensidigestiftinga for å klare dette økonomisk, seier Standal Pavelich til Fjordenes Tidende.

I helga skal over 90 aktørar frå 16 nasjonar spele seg med fargerik musikk, song og rørsler og feire gleda over alt som bind menneska saman. Pavelich lovar eit fyrverkeri av song, dans og symfonisk speleglede.

– Eg kan nesten love folk at det både blir latter og tårer på dei som vel å sjå framsyninga, som passar for alle, fortel Pavelich.

Komponist Helge Sunde frå Stryn har laga musikk til spelet-  "Fargespel Nordfjord - med kjærleik til folk og land". Prosjektet Fargespill vart grunnlagt av Ole Hamre og Sissel Saue i Bergen.

Artikkeltags