Tre personar i trafikkulykke på fv. 15- sjåfør mista førarkortet

DEL

(Firda) Tre unge menn hamna i ei trafikkulykke på riksveg 15 ved Allmenningen natt til fredag.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 03.10 og naudetatane reiste ut til staden. Dei tre ungdommane, to på 18 og ein på 16, hadde greidd å kome seg ut av bilen på eiga hand.

Alle tre blei frakta til legevakta. Ein av dei hadde skade i handleddet og ein annan klaga over smerter i nakken.

Bilen hadde køyrt i retning Måløy då den miste veggrepet og hamna i grøfta. Det var veldig glatt på staden.

– Førarkortet blei teke frå sjåføren i samband med ulykka, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til Firda fredag morgon.

Høg hastigheit skal vere årsaka til dette, seier Magnussen, som ikkje sit med meir informasjon om årsaka til at 18- åringen blir fotgjengar i tida framover.

Vegen var stengt i ei tid etterpå, men er no opna for vanleg trafikk att, opplyser vegtrafikksentralen.

Artikkeltags