– No har eg gjort mitt, no må folk i utkantane produsere ungar, for å seie det rett ut

Han vart mottatt med jubel, Jan Arve Midtbø då det var kakefest og Lucia-feiring på Solheim skule fredag. Senterpartiet måtte svelge nokre kamelar i budsjettforhandlingane onsdag, men skulen er berga, det var det aller viktigaste.