Kinn Raudt ønskjer å gjere om på det politiske vedtaket om ny eigedomsskatt i kommunen. Det stadfestar partiet i ei pressemelding.

– Det er ein veldig uheldig situasjon som kommunen har hamna oppi. Innbyggjarar og næringsaktørar er svært frustrerte over dei nye takstane som i mange fall framstår både uforståelege og altfor høge, seier Daniel Henriksson på vegner av partiet, og held fram:

– Viss det er formelt mogleg, meiner vi i Raudt at det einaste forsvarlege i denne situasjonen er å oppheve vedtaket om eiendomsskatten og i staden sende ut rekning til innbyggjarane basert på fjorårets takstgrunnlag, seier Henrikssson.

Deretter bør arbeidet gå sin gang med å få oversikt og leite etter kva som må endrast.

– Så får vi ta ei ny runde på eiendomsskatten til haustens budsjettmøte. Då reknar vi med at det er fleire parti enn Raudt og Frp som ser det fornuftige i å bruke likningstaksten som takstgrunnlag, avsluttar Raudt-politikaren.