– Vår klare oppfordring er å unngå ulovleg mobilbruk når du køyrer, seier Camilla Ryste som er kommunikasjonssjef i NAF:

Det er klare regler for korleis mobilen skal vere montert om du skal snakke i mobilen medan du køyrer:

  • Når telefonen er plassert forskriftsmessig i egen mobilhaldar, eller dersom den er kopla til eit handfri-system i bilen, kan telefonen brukast til å ta imot, starte og avslutte samtaler.
  • Når telefonen er kopla til eit handfri-system, kan du i tillegg styre og spele av lydfiler via telefonen.

– Ringer telefonen når den ligg ved sidan av deg eller du har den i fanget så har du ikkje lov til å trykke på den for å ta i mot samtalen, sjølv om den skulle vere kopla til øyreproppar eller du bruker høgtalar-funksjonen på mobilen. All form for teksting og surfing på mobiltelefonen er også forbode, opplyser Ryste.

Skjerpa straff

Styresmaktene håpar fleire vil følge desse reglane i det nye året. Nå skjerpast nemleg straffa for å bruke mobiltelefon ulovleg i bilen kraftig frå 1. januar 2021. Bota for å bruke handheldt mobiltelefon aukar frå 1700 til 5000 kroner. I tillegg aukar talet på prikkar som du blir belasta på førarkortet frå to til tre.

Ifølge Regjeringa blir straffen for ulovleg mobilbruk skjerpa fordi det er for mange som bryt dagens regler.

– Det kan vere svært farleg å køyre samtidig som prøver å handtere ein mobiltelefon du held i handa. Teksting på mobilen kan faktisk samanliknast med promillekøyring, seier Ryste.

Dom blei omgjort

To dommar frå Borgarting lagmannsrett der sjåførane blei frifunne for mobilbruk under køyring fordi bilen sto stille i kø eller på raudt lys har fått mykje merksemd. Dommane blei anka til Høgsterett, som kom til den motsette konklusjonen.

– Lovverket blei tidlegare tolka ulikt sidan det heiter at forbodet gjeld «under køyring». Men nå har Høgsterett klargjort, så det er ikkje lengre rom for tolking eller tvil. Køyrer du bil må du enten sørge for forskriftsmessig oppkopling av mobilen eller rett og slett la telefonsamtalen vente, avsluttar Ryste.