Gå til sidens hovedinnhold

No vil dei bygge ny kommunal barnehage i Florø

Artikkelen er over 1 år gammel

Tysdag skal Flora bystyre bestemme seg for om dei går for ei kommunal barnehageutbygging i sentrum.

For abonnentar

I desember i fjor gjekk debatten om barnehageframtida i Florø.

Etter at Knapstadmarka-utbygginga vart vedteke skrinlagt, kom alternativet med å bygge ein ny kommunal barnehage på tomta til Nepjarhaugen barnehage opp.

Erstatte tre andre

Barnehagen skal erstatte Dalvegen, Nepjarhaugen og Nyheimvegen.

Høgre ville ha vurdering av ein privat barnehage, og fekk fleirtal for å utsette saka i påvente av ei utgreiing om kva alternativ som er billegast.

Utgreiinga frå konsulentselskapet Agenda Kaupang er no klar, og viser at det er små økonomiske forskjellar å spore.

Lite å spare

I konklusjonen sin skriv dei:

«Det er lønnsomt å bytte ut små kommunale barnehager med større enheter. Det gjelder uansett om en ny barnehage er privat eller kommunal. Det er ikke mye å vinne på privat drift av barnehagen, med de premissene for kommunal drift som er oppgitt. Hvis kommunen ønsker maksimal handlefrihet når det gjelder tomten til den nye barnehagen, er det antakelig best med en utbygging i kommunal regi»

Ein privat barnehage må likevel få tilskot frå kommunen. Kommunen eig allereie tomta der Nepjarhaugen ligg i dag, og reknar no med å kunne bygge ein ny barnehage for 36 millionar kroner.

Fleirtalet i Flora formannskap gjekk no i juni inn for at den nye barnehagen skal byggast i kommunal regi, og at den skal ferdigstillast snarast råd. Bygga som husar Dalvegen og Nyheimvegen barnehagar skal avhendast snarast råd.

Eldrebustader?

Planlegginga av den nye barnehagen skal også ta høgde for å integrere sjølvfinansierte eldrebustader i tilknytting til barnehagen, dersom dette er mogleg på eit seinare tidspunkt.

Dette er i tråd med tidlegare vedtekne planar for heile kvartalet med Docen og Docen 2.

Saka blir endeleg avgjort i bystyret førstkommande tysdag.


Les også

Ønsker ny barnehage her på Nepjarhaugen velkomen, men ikkje om den blir privat.

Les også

– Dette må opplevast som eit svik for dei tilsette

Les også

– Vi er uroa for framtida, og håpar politikarane vil snu

Les også

– Vi er sinte og fortvila over barnehage-vedtaket

Les også

– Kvar har Flora kommune tenkt å gjere av barna våre?

Les også

- Vi vil utvide i Florø, og har søkt kommunen om det

Kommentarer til denne saken